Mannen skulle gå på friturn onsdag, men jaggu blei det til at han måtte vere med å kurse litt ombord i Far Sagaris på ein søndag også (For dei som lurer på sånne tekniske ting og slikt - Dette er Far Sagaris; http://www.farstad.no/default.asp?menu=30&id=313). Men han hadde i allefall fri i går! Å ha fri 1 av 4 fridagar er vel betre enn ingenting. Satsar på at det blir litt fleire dagar i strekk frå i morgon av. Så nok ein søndag er konemor åleine heime.
Kva nyttar ein slike søndagar til? Jau, ein legg saman haugen med klede som nok ein gong har blitt litt for stor, støvsugar litt og får dermed kattane til å ville gå ut frivilleg, og ein sit i sofaen med ein stor kopp te og ser på småfuglane som kosar seg rundt frøstasjonen utanfor vindauget. Koseleg!
I dag må eg hugse å ta opp slagsider og saudelår, for det tek eit par dagar å tine dei. Tysdag skal eg og mamma "sy" rullepølse, og det er noko av det kjekkaste som finst! Det er så koseleg å sitje ved kjøkkenbordet på Flem ilag med mamma og beine ut slagsider, krydre med "den hemmelege krydderblandinga" (som eg har fått oppskrifta på - ein verkeleg skatt), legge til strimlar med kjøt og trekkje på strømpe ved hjelp av ei avskoren brusflaske. Slik "syr" vi rullepølse i vår familie, samtidig med at skravla går :) Reidar blir også med utover i år, han og Goffar skal fikse ein nødstopp på spelet ombord i Torfinn. Gler meg til tysdag!
Eg har slik ein utruleg god og flott familie! Når eg sit slik og tenkjer på dei så får eg så lyst å sjå dei, og kanskje er det akkurat det eg gjer i dag - Det er tross alt berre å hive seg rundt og ta ferja. Takk og pris for at eg har mine kjære foreldre og besteforeldre så nær!
Kjenner at eg må Bergen snart også, saknet melder seg stadig oftare. Det er litt lenge å vente heilt til desember med å få sjå Mikkel tantebarn, og dessutan er det lenge sidan sommaren då eg såg Anne og Oddny sist også!
- Ein kopp til med te, så får vi sjå utover dagen kva som skjer...
søndag 1. november 2009
mandag 26. oktober 2009
Mannen på vei heim!

Den vesle raude prikken som forsvinn innover mot Romsdal er Farstad-båten med min kjære ombord, medan eg er på veg over fjorden med ferja. Båten kom svirrande inn fjorden rett forbi kontoret mitt og greier. Hadde irriterande lyst å legge meg i bein crawl rett ut frå Aakre! Når det er så lenge sidan eg har sett han er det faktisk litt surt å vere så nær og samtidig så fjern... Typisk! Men onsdag går han på friturn :D Yeeej!
søndag 25. oktober 2009
Vinterhjelp til småfuglane

I dag har eg vore flink og gjort det eg har tenkt på lenge, nemleg å rydda kring huset. Det har sett ut som om det bor sigøynarar her lenge, men no har eg omsider tatt grep! I tillegg har småfuglane fått seg litt mat utanfor stoveglaset, kjekt for dei og koseleg for oss. Berre ikkje det blir som ein foringsautomat til Agnes og Sofie å rekne... Men høgt heng dei, og kvitrar gjer dei. Foreløpig.
lørdag 10. oktober 2009
mandag 5. oktober 2009
Kva er forskjellen på ein homofil og ein heterofil bonde eigentleg?
http://www.dagbladet.no/a/8426483/
Denne artikkelen må eg berre kommentere. Eg ser ikkje noko gale i at ein homofil kan vere bonde. Det finst kanskje ikkje så mange homofile bønder, men det finst heller ikkje mange langtransportsjåførar som er vegetarianarar (Sit: Oddny).
Verken legning, matvanar, religion eller statsborgarskap er til noko hindring for å gjere ein god jobb som bonde slik eg ser det. Verken ku, sau, hest eller gris bryr seg om kven bonden hoppar til køys med. Så det så! Kjenner eg blir litt provosert på vegne av mine homofile vener.
- Er vi verkeleg ikkje komne lenger i 2009 ?
Denne artikkelen må eg berre kommentere. Eg ser ikkje noko gale i at ein homofil kan vere bonde. Det finst kanskje ikkje så mange homofile bønder, men det finst heller ikkje mange langtransportsjåførar som er vegetarianarar (Sit: Oddny).
Verken legning, matvanar, religion eller statsborgarskap er til noko hindring for å gjere ein god jobb som bonde slik eg ser det. Verken ku, sau, hest eller gris bryr seg om kven bonden hoppar til køys med. Så det så! Kjenner eg blir litt provosert på vegne av mine homofile vener.
- Er vi verkeleg ikkje komne lenger i 2009 ?
søndag 4. oktober 2009
lørdag 3. oktober 2009
Mamma og Pappa
Kven finn flest bær tru? Det skrangla litt i bøttene, men vi leita nok på feil plass. Vi får prøve Rambjøra neste gong!
Abonner på:
Innlegg (Atom)



